ECIT Stord veks, og no ser vi etter ein ny kollega som vil vere med på laget.
Kanskje er du autorisert rekneskapsførar. Kanskje er du ikkje heilt der enno. Det viktigaste for oss er at du likar faget, trivst i dialog med kundar og ønskjer å utvikle deg saman med eit sterkt fagmiljø.
Hos oss får du meir enn berre rekneskapsføring. Du får jobbe tett på spennande kundar, vere ein viktig rådgivar, finne smarte løysingar og bidra til at lokale verksemder lukkast.
Kven er du?
Du treng ikkje krysse av på alle punkta, men kanskje kjenner du deg att i noko av dette:
Kva skal du jobbe med?
Vi brenn for rekneskapsfaget og for å utvikle både oss sjølve og kollegaene våre. Hos oss får du både støtte og moglegheiter, og kor langt du vil nå, er i stor grad opp til deg sjølv.
Ingen dagar er heilt like, men du vil mellom anna arbeide med:
Engasjement og vilje til å lære veg tungt. Resten hjelper vi deg med.
Kvifor ECIT Stord?
ECIT Stord er ein del av ECIT-konsernet, med kontor i fleire land og eit breitt fagmiljø innan rekneskap, løn, IT og rådgjeving. Vi har samla alt kundane treng innan økonomi, IT og forretningsløysingar på eitt og same stad.
I kvardagen vil du først og fremst merke at du jobbar på eit lokalt kontor med kundar i nærområdet. Samtidig har du eit stort fagleg nettverk og eit solid apparat i ryggen når du treng det.
Vi trur framtidas rekneskapsførar bruker mindre tid på manuelle oppgåver og meir tid på rådgjeving, analyse og verdiskaping. Difor investerer vi i teknologi, kompetanse og nye arbeidsmåtar allereie no.
Vi er også ærlege om at vi står midt i denne utviklinga. Nokre prosessar er framleis under utforming, og vi ønskjer oss kollegaer som synest det er spennande å vere med og påverke.
Hos oss får du
Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi er meir opptekne av kven du er og kva du vil bli, enn at du kryssar av i alle boksane.
Liv Marit Børve
Dagleg leiar | ECIT Stord AS
Tlf: 417 69 252
Vi behandler søknader fortløpende, så send inn så snart du er klar.
Om selskapet:
ECIT er eitt av Nordens største teknologi- og økonomihus med over 3 000 tilsette og om lag 5 milliardar kroner i omsetning. Vi har samla alt kunden treng innan økonomi, IT og forretningsløysingar på éin stad.Vi satsar på utvikling av medarbeidarane våre, og det finst gode moglegheiter for å realisere karrieremåla dine hos oss. Sidan selskapet vart etablert i 2013, har vi vakse til eit konsern med kontor i Noreg, Sverige, Danmark, England, Polen, Litauen, Tyskland, Finland, Romania og Island. ECIT er framleis eit ungt selskap med store vekstambisjonar, og som medarbeidar hos oss får du vere med på den spennande reisa.
Bedriftskulturen vår er prega av verdiane våre: Integritet, mot, open kommunikasjon og entreprenørskap. I ECIT nyttar vi verdiane våre for å nå dei strategiske måla våre. Dei fungerer som rettesnor og rettleiar oss i både store og små val.